I staden for ski og kvitkledde fjell valte me i år å legge påska til varmare strøk. Til i gjennomsnitt skrekkblanda fryd for oss. Malin i ekstase over å reise til fjerne land, Leif Egil i skrekk over tanken på varme. Særleg når det tilsynelatande var den varmaste månaden på året me hadde klart å booke flybillett.
Fyrsteinntrykket av Honduras var eit vakkert og frodig land, med flotte grøne områder og flott natur og VARMT.
Etter å ha kjørt ein runde i La Ceiba, fekk ein verkeleg sjå korleis tilhøva var ikring. Somme
strøk var vel dekorerte hus, med flotte bilar i oppkøyringa, medan i andre kvartal like ved budde stor-familiar i eit slags skur. Langs og i vegen sat personar med eller utan fot og tigga etter pengar. Tilgangen på mat var tydeleg også liten for dei fattige i landet. For oss som hadde moglegheita til å kjøpa det vi ynskte til ein billeg penge, vart dette ein stor kontrast. Klasseskiljet var veldig tydeleg.
Øyvind og Kirsten har ei hushjelp som heiter Linda. Ho vart vi etterkvart godt kjend med, på trass av at ho ikkje kunne eit ord engelsk. I starten gjekk det i google translate. Men då internettet til familien Leidland vart kutta (slikt skjer i Honduras…) gjekk det i ordbok og teiknspråk, og særs god tålmod frå Linda si side. Der satt me, me kvar vår ordbok og slo opp det eine ordet etter det andre for å prøve å finne ut av kva det var ho spurte om, og kva me skulle svare. Ho er gift med Marco, som stiller opp på seine nattetid for å prøve å få gang på vatnet (for slikt skjer i Honduras, at ein mistar vatnet…).
I tillegg til hushjelp og rørleggarvener har familien god tilgang på både lege, apotek, kokke og bilmekanikar, som Øyvind stadig vekk diskuterer bil med. «Kokka»(Tania), som er rektor ved skulen der Øyvind arbeidar, sørga for at me fekk smake nokre av dei lokale spesialitetane i Honduras. Blant anna ferdigtygde bønner, som faktisk smakte svært godt.
I Honduras er Manjana, manjana eit uttrykk som MÅ lærast. Dette tyder i morgon, i morgon, og speglar haldninga til mange der. Nyt dagen i dag, og utsett det som kan utsettast til i morgon. Stressnivået til innbyggjarane var på eit særs behageleg nivå. Einaste gongen vi registrerte at kanskje blodpumpa slo eit par slag ekstra i minuttet var då Hugo-bilmekanikar skulle svippe Leif Egil attende for å hente dei gløymte passa før båten gjekk. Køyringa kunne minnast meir om flyging enn bilkøyring.
Medan trafikk er nemnt. Det er ein riskikosport i dette landet. Dobbel sperrelinje tydar truleg minst to forbikøyringar på same stad. Ein på utsida og ein på innsida av bilen som blei køyrd forbi. Den typiske «stasjonvogna» må kunne seiast å vere ein suzuki 150 motorsykkel. Den fekk plass til eit par- tre ungar, mor og far samt dagens handling. Hjelm på motorsykkel var storsett til å setta oppå hovudet og snu han bakfram.
Sidan halve reisefølge frå Noreg er interessert i geologi, må dette også nemnast. Det var lite å sjå. Berre lausmassar. Vegskjæringane i landet er av særs optimistisk karakter. Nærast vertikale lausmasseskjæringar, ville truleg utløyst store summar i sikringstiltak hadde det vore i Noreg. Godt Vegvesenet ikkje hadde noko der å gjer. Som eit nedkjølingstiltak vart første delen av opphaldet lagt til Roatan, ei øy like nord for La Ceiba.
Her gjekk det an å bade, kjøle seg ned, bade og i tillegg fri tilgang på aircondition. Noko som var svært etterlengta blant somme. Me fekk også tid til å ta dykkerlappen her.
Me reiset også til ei anna øygruppe, Cayos Cochinos, der me snorkla og dykka ned til eit flyvrak.
Sjølvlysande fisk
Ein av hovedgrunnane til at me ynskte å ta den lange turen, var for å få eit innblikk i kva Leidland faktisk drive med der nede. Me fekk besøkt både skulen som Øyvind arbeidar på og Prosjektet, barneheimen som ligger like ved skulen.
Det var veldig kjekt å sjå kor stor pris gutane på barneheimen sette på Leidland. Og bli litt kjend med dei. I tillegg var vi ute på ein strand og åt fisk. Aldri har me sett barn som var så glade i fisk.
Alt i alt hadde me ein uforgløymeleg tur, ein skikkeleg ikkje standard turisttur, med turistinnslag.
Me fekk bli kjend med nokre fantastisk snille og omtenksame folk, som bryr seg om og stiller opp for kvarandre. Det er iallfall slike folk Leidland familien er omkransa med.
-Malin og Leif Egil-
Viser Honduransk påske.docx.