Ein av dei siste dagene me hadde besøk av Solveig, Marie og Fredrik, bad dei guttane med ut for å ete på restuarant på stranda, kor det óg blei mykje bading, volleyball speling og tur gåing. Alle saman kosa seg. Her er Eduardo, Melvin, Noé, Luis og Bill.
Me var samla nesten alle guttane, Tania og jentene og begge besøka fra Norge (Marie, Fredrik, Solveig, Leif Egil og Malin).
Angel, Enrique, Darwin og Micheal he fått tak i sukkerspinn
Det blei og tid til litt volleyball speling etter at banen blei saumfart for glasskår.
Her er Angelito som har gravt seg ned i sanden.
Jose, Milton, Natasha og Angelito leker i vasskanten
I varmen enda dei fleste ein tur uti, dei som ikkje hadde badeklær blei då hjelpt uti, som Elisabeth.
Det har alltid vært eit ynskje for rektoren ved Escuela Niños de la Luz (der Øyvind arbeide) å samlast i lag ulike aktivitetar med andre skular. I samband med Dia de la idioma, den internasjonale dagen for feiringen av det spanske språket, den 23. april inviterte Tania (rektoren) 5 nabo skular til å markera dagen. Skape Muligheter Sammen bidrog med økonomisk støtte til denne tilstelninga. Det vart uttrykka av alle deltakande skulane at dei óg kunne ynskja at det blei gjennomført slike samlingar ved andre anledningar.
Dei besøkande elevane.
Fornøgd rektor Tania.
Påmelding i dei ulike klassane det skal konkurrerast i; slå oppi ordbok, lesa, skriva og stava.
Folkedans frå dansegruppa på skulen.
Først på programmet var å slå opp i ordbok.
Så var det lesing som sto på programmet, dette var den einaste øvelsen det vart tatt høgde for kva klasse elevane gjekk i.
Tredje øvesle ut var staving.
Til slutt var det skriving og løkkeskrift som sto på programmet.
Vinnarane, 2. plassane i dei ulike klassane. Samantha som støttes med skulegang gjennom Skape muligheter sammen blei så vidt slått i staving.
Alle deltakarane som var med på arrangementet. Alle fekk kvar sin diplom for deltakinga.
Som ein oppfølging av kursinga Skape muligheter sammen hadde av lærarane i januar, fekk foreldrene og 2,5 timar med innføringkring læringsvanske frå samme psykolog. I tillegg sendes nå dei som har behov for utredning av læringsvansker til psykolog. Tre får tilbud om gangen dersom dei har moglegheit, det er det dessverre ikkje alle som har grunna arbeid hjå foreldrene.
Ting som var kjøpt til barneheimen; stamp til matlaging, knivar til kjøkkenet og strikkar til å laga armbånd men gutane,
Her er guttene i full gang med å lage både armbånd og smykker.
Dette var noe som engasjerte de aller fleste.
I tillegg var det ikkje lenger vaske og tørkefiller på kjøkkenet, så det var kjøpt inn nokre, og strikka ei.
Fredag 1. mai planla me å ta med okke gutane på stranda grunna den høge varmen her (over 40 grade + 80-100% luftfuktigheit) og lage pizza til dei etterpå. Men regne kom denne dagen og det blei heller tur på kino, dette var minst fyrste gang på kino for ein av gutane, Alex på 13 år.
For å ikkje få for lite laga Kirsten og Linda 20 heimalaga pizza. Det var meir enn nok, så det blei både kvelds og morgonsmat. Til stor glede alle gutane.
Skape Muligheter Sammen vil takke så mykje for alle store og små bidrag som har gjort alt dette mogleg. Me håpar at dette kan syna at bidraga dykkar bidreg til forandring for enkeltpersoner i kvardagen.
- Helsing Skape Muligheter Sammen -