Me har hatt nok ei kjekke helg på barnheimen kor me overnatta. Alle hadde det veldig kjekt sist gang, så derfor har me bestemt oss for å gjere det oftare. Under er det nokre bilete frå denne dagen.
Det bles veldig mykje denne dagen, så blader dekka heile bakken til slutt. Me fekk mesten følelsen av at det var haust. Dei minste hadde det veldig gøy med bladene og koste seg med å hive blader opp i lufta og dekke kvarandre med blade
Her er Darling heilt dekka av blader
Her holder Angelito, Milton, Alex og Jose og dekke Amund med blader
Eilén
Angelito, Darling, Milton, Alex og Jose
Her måtte Darwin få ut litt energi
Det endte tilslutt med at eit halvt tre knakk og datt over han! Men som ein kan sjå så gjekk det bra.
Angelito
Nå har dei planta fleire nye frukter og grønnsaker på prosjektet. Her er det ananas, men det har også planta cassava og rambutan.
Her balanserer Darwin på fotballmålet, mens Oscar og Josue ser på.
På kvelden så var alle med å laga kake. Det er ikkje så ofte dei får vera med å lage mat så mange på ei gang, så dei koste seg masse.
Me fekk til og med til til litt dans mens me lagt mat. Her danse Darwin, Josue, Milton, Michael og Enrique.
Milton, Jose, Enrique og Michael
Når kakene var ferdige lagte me kaffi og koste oss alle saman.
Etterpå hadde me konkurranse me optisk illusjonar, iq-test og meir. Konkurranseinstinktet kom fram sjå mange og dei synst det var veldig kjekt. Her er Alex, Angelito, Josue, Eduardo og Wilmer
Marcos, Oscar, Jose og Obet
Michael, Elvin, Darling og Milton
Dagen etter me overnatta var me på fjelltur med familien Bardales. Denne hengebrua måtte me over før me begynte å gå. For å sei det sånn var det ikkje mange som var høge i hatten.
Hugo
Utsikten frå brua.
Som ei kan sjå var det dei minste, Elias og Eilén, som leda veien, og det gjore dei store deler av turen. Det var ein kjempe fine tur.
Anahi, Ana Ceci, Øyvind, Elias og Elisabeth
Amund, Øyvind og Tania
Eilén
Her er ein av mange fosser me gjekk forbi på turen.
Kirsten
Me møtte på mange insekt, småkryp og sopp i løpet av turen. Her er eit lite utvalg.
Me blei fortalt at sist gang familien Bardales hadde gått denne turen, hadde dei møtt på ein slange. Så me håpte at me skulle sleppa det denne gangen. Men me måtte jo møte på enn, og det er ikkje ein kvifor ein som helst. Det er nemligt ein Barba Amarilla, som er ein av den farligaste og giftigaste slangane i Honduras. Det var Eilén som oppdaga den. Ho gjekk fremst, å sa til Ana Ceci som gjekk bak ho: Sjå der, ein slange. Ana Ceci sin reaksjon derimot var eit høgt skrik og ho grabde med seg Eilén og sprang tilbake. Deretter fekk Hugo fjerne den frå stien. Det skumlaste av alt var at eg er ikkje sikker på om mange av oss andre ville ha oppdaga den, på grunn av at den var relativt liten og gjekk i ett med bakken. Så me kunne like så greit gått rett på den.
Etter me hadde møtt på slange, var det fleire som var litt redde, så det gjekk litt fortare etterpå. Her er Tania.
Kirsten, Øyvind og Amund
Kirsten og Eilén
Ved det nye huset med bur i nå er det også eit rykende dyreliv. Her er ein bitte liten firfisle
Denne edderkoppen ser kanskje ikkje stor ut, men den var enorm, og den dukka opp rett utanfor huset våret.
Skape muligheter sammen har kjøpt paraplyer til alle gutane som går på ungdomskule og videregåande, som dei bruker for å beskytte seg mot regnet og sola.
I løpet av ein dag, kan me sjå ganske mykje morsomt, som denne karen som er ute på sykkeltur med hunden ståande bakpå sykkelbrettet.
Den siste veka har me også vore meir eller mindre uten vatn i huset på grunn av at sikringa til pumpa raug. Derimot har me hatt vatn i tanken. Så me he mått tydd til manuell vasskrane. Men nå har me fått fiksa det, etter at Kirsten hadde fått nok og tok det i sine hender. Det er litt gamle sikringer her, så me kan ikkje skru av straumen inn til huset. Så når Kirsten hadde demontert sikringskapet, prøvde Marcos å byte sikring, det endte med at han fekk straum i seg. Så me bestemte oss egentleg for å venta på ein elektriker. Men Kirsten hadde fått nok av alt ventinga så ho tok saken i eigne hender, og fekk ut den øydelagde sikringa, så me fekk fiksa det.
Klem frå oss seks
-Elisabeth-