Det begynner å gå mot ferie for guttene på barneheimen, då blir det meir andre aktiviteter på programmet. Her er det bordtennis med høg intensitet.
Nå har det gått ei tid siden sist. Men det har vore mye kjøring frem og tilbake, på grunn av sykdom og andre ærend. I tillegg har det vært noen utfordringer med å få oppholdstillatelsen i orden. Men det virker som om vi har funnet ut hva vi mangler nå, og hun som er advokaten vår her har mulighet til å gi oss tre måneder til med opphold mens saken behandles. Dette var veldig bra for vår del, for dersom hun ikke kunne det ville vi vært nødt til å reise ut av landet tre dager i desember. Derfor har mye v kveldene gått til slikt arbeid.
Då tenkte eg at eg kunne skrive litt om besøket me hadde frå helsepersonell i samband med tuberkulosetilfellet som er på barneheimen.
På fredag 07.11 fekk me besøk av tre sjukepleiarar og tre legar frå det lokale helsesenteret. Desse fekk snakka med alle barn /ungdommar og ansatte på barneheimen, alle lærarane på skulen (som alle tok bussen med han kvar morgon) og dei av barna på skulen som hadde sjukdomsteikn. Dette resulterte i at det vart sett ein del diagnosar med andre sjukdommar, men ikkje noko mistanke om fleire tilfelle av tuberkulose. For sikkerheitskyld fekk dei ungane på barneheimen som tidligare hadde vært mykje sjuke influensavaksine. Inntrykket mitt av helsepersonellet, spesielt ved denne helsestasjonen, er veldig bra. Dei er kjempe flinke til å gje mykje informasjon på ein lettfatteleg måte, noko som er nødvendig i eit området der allmennkunnskapane og tilgjengelegheita på informasjon kring helse ikkje er særleg utbredt.
Det er enkelte ting me reagerer på når me kjem frå Noreg, som for eksempel hygienen. Men med tanken på ressursar dei har tilgjengeleg så er det i det store og heile eit positivt inntrykk me har fått. Det virker som det er dyktige folk i tillegg er det veldig positivt at på den lokale helsesenteret er mye av behandlingen og noe av medisinene gratis.
Det er ikkje mykje du høyrar honduranarane sjølve er stolte av, men når det gjelder legeutdanninga så har eg fått høyrt positiv omtale frå fleire lokale personer.
Men så er det jo alltid slik at dette ikkje er tilfelle alle plasser. På det offentilge sjukehuset får du verken mat eller medisinar, til og med veneflon og liknande utstyr må kjøpast sjølve. Dette gjer ein utanfor sjukehuset (mange ganger er dette gjerne stjålet utstyr frå sjukehuset som helsepersonell selger). Einaste medisinen eg veit om er gratis er tuberkulose medisinen, men den er ikkje alltid tilgjengeleg den heller. Den er gjerne umogleg å få tak i i opp til fleire månadar om gangen.
På ettermiddagen same dagen hadde me eit informasjonsmøte på skulen der det blei informert om sjukdommen og symptom på sjukedommen. Dette er viktig når me nå går inn i ein to månadars ferie her nede, slik at dei sjølve kan observere om dei får nokre symptomer dei bør reagere på. På same møte hadde en psykolog student (som har vært der i to måneder) et foredrag om hvordan kjenne ditt barn. I tillegg tok rektor opp temaet tillit, og snakka ein del om det saman med Øyvind. Da dette er noe som i lokalsamfunnet spesielt og samfunnet generelt i Honduras er fraværende. For å vise det med et eksempel er det flere som har kommentert at vi har lånt bort bilen noen ganger når noen vi kjenner har hatt behov for bil. Det er noe som for dem virker helt fjernt. Å ikke ha tillit til dem rundt deg er noe som lyser igjennom i alt, og viser igjen i hele samfunnet. Hvor man ofte fordeler ansvar men ikke makten til å faktisk kunne ta det ansvaret. Som igjen fører til at alt må dobbel og trippelkontrolleres av dem som har det øverste ansvaret. For oss som er vant med et tillitsbasert samfunn blir kontrasten ekstra stor. Det er kanskje noe av det som gjør hverdagen utfordrende for oss. Men det at kontrasten er så stor er med å bidra til at det synes når vi viser tillit. Noe vi håper å kunne spre, men vi starter i det små.
«Tillit skapes ved at den tas i bruk» Bertholt Brecht.
Noen av de pengene som Skape muligheter sammen har fått inn har me brukt til å kjøpe ein kasse som dei skal bruke på kjøkkenet til å oppbevare den ferdig tillaga kveldsmaten. Og noe skriveutstyr som de trenger i forhold til skolen. I tillegg har SMS bidratt til legebesøk og ernæring i forhold til sykdom. Videre forsøker vi å få til tannbahandling, og fluor tabletter, det jobber vi med å få til.
Me har i ein tidlegare blogg skrevet om ein av dei tidlegare gutane på prosjektet som flyttet ut av barneheimen og blei med i ein gjeng. Denne omlag 18 år gamle guten skal etter sigende være leiar for ein gjeng i coloniaen (bydelen) rundt barneheimen. På fredag blei det observert at han blei fengsla tatt med av politiet, men han var tilbake dagen etterpå.
PS. I førre blogginnlegg henviste me til ei side der det var skrevet om Cesar, den var dessverre tatt vekk, men er lagt til igjen nå for interesserte.
Elles har me denne veka vore litt att og fram til lege. Me har fått oss Gule stafylokokkar, så nå er alle untatt Øyvind på behandling for dette. Me er heldige og har ei bekjent som er ein dyktig lege, ho er svigerinna til rektor på skulen.
Her er Dr. Sylvia, Hugo (mannen til Tanja og bror til Sylivia), Øyvind og Tanja.
Ungane har hatt noen besøk at Miss Tanja, som er rektor på skulen. Ho har litt spansk undervisning med ungane. Dei er kjempe ivrige og hermer etter alt ho seier. I dag var me på tur med Miss Tanja og familien hennar! Me var nede ved stranda i byen og gikk langs en promonade. Her var det veldig kjekt å kaste stein i vannet.
Hilsen oss fem
-Kirsten og Øyvind-