top of page
Forfatterens bildeSkape muligheter sammen

Øyvinds dag på skulen og "maur i arbeid"

Oppdatert: 24. okt.


Då har eg hatt ein dag på skulen der eg har fått snakka mykje med rektoren om kva ho ynskjer at eg skal gjera neste skuleåret (skuleåret er februar til november). Så langt ser det ut til at dei ynskjer at eg skal ha kombinert undervisning i data og engelsk på alle trinna (2-3 økter i veka på kvart trinn), hjelpe til i matematikk i 4. og 5. trinn (6 økter på kvart trinn) og hjelpe til i samfunnsfag og naturfag på 6. trinn (4-5 økter i veka i begge fag). I tillegg håper dei at eg skal få gjennomført såkalla «science fair» i naturfag og samfunnsfag på alle trinn. Var ein veldig hyggeleg samtale med ei som hadde klare visjonar om kva ho ynskjer å få til og kvifor dette er viktig. Gleder meg veldig til å ta fatt på dette, men med opp mot 40 økter (á 40min) i klasserommet så er det ikkje er noko som heiter tid til for- og etterarbeid her nede. Hovudmålet er i alle fall at eg skal introdusere meir praktisk undervisning, da undervisninga i dag hovudsakleg føregår som avskrift frå tavla grunna manglande lærebøker til elevene. Håpet er at dei andre lærarane skal kunne få moglegheit til å plukke opp nokon tips. Alle lærarane på skolen er rundt 22år og var ferdig utdanna før omlegginga av lærarutdanninga i Honduras vart gjennomført. Dei har derfor berre skulegang tilsvarande norsk vidaregåande, og fleirtalet studerer på kveldstid eller i helgene. I naturfag ynskjer rektoren at me skal gjennomføre enkle forsøk, i samfunnsfag på 6. trinn er ynskje at eg skal kunne bidra meir til undervisninga kring verdas land og religionar.

-Øyvind-

SAM_1241 (2)_edited.jpg

Idag har me våre på barneheimen og der var den store attraksjonen MAUR. Både ungane og ikke minst eg (Kirsten) synes det var veldig fasinerande å sjå koss dei jobba ilag.

SAM_1271 (2).jpg

SAM_1287 (2)_edited.jpg

SAM_1276 (2).jpg

SAM_1275 (2).jpg

Dette er maur som er veldig store og når dei kommer så mange er det nesten imponerande å sjå kor godt organisert det heile er. Maur tua er på den andre sida av muren som går rundt barneheimen, så den ser me ikkje. Men me såg rundt 50 meter med "motorei" av maur.

Ungane lekte som vanlig ilag med guttene. Elién har virkelig funnet tonen med Oscar.

SAM_1296 (2)_edited.jpg

Mens Amund leker mye med et brødrepar, her er Milton

SAM_1302 (2)_edited.jpg

Eg var med og hjalp til med lekser (og lærte mye selv og)! Etterpå hadde me tungegymnastikk på spansk. Her er to av fem brødre som bor på barnehjemmet Jose og Darling.

Hilsen oss fem

-Kirsten og Øyvind-


1 visninger0 kommentarer
bottom of page