Forrige onsdag hadde eg min første dag på skulen. Her gjekk eg for det meste å observerte rundt i klasseromma. Skulen består av 7 rom, eit klasserom for kvart trinn og eit bibliotek og datarom. Elles er det eit kontor til rektor. Kvar klasse har berre ein lærar. Denne læraren undervise i alle fag (unntatt engelsk og data) og alle dagar. Det vil sei at dei er med klassen, utan pause frå elevne, frå 0700 om morgonen til 1300 (1230 for dei tre første trinna). Midt på dagen har dei felles matpause med elevene på 30 min, som er det einaste friminuttet dei har i løpet av dagen.
Skulen ligg i eit fattig område så sjølv om skulen er privat, er det ikkje pengar til å ha egne skulebøker. Det er berre eit trinnsett, det vil sei at læraren som til ein kvar tid har 1. klasse har skulebøkene som er å oppdra. Så for eksempel alle lekser må skrivast av tavla. På grunn av dette er ein privatskule som dei må betale for (kring 1500kr i året), så gjer dette at elevene slepp unna dei overfullte klasseromma som er i den offentlege skulen.
Fekk snakka litt med rektoren óg, her fant eg ut at lærer utdanninga nettopp har blitt endra. Tidligare var du ferdig utdanna lærer for barneskulen ved å velja lærarlinja på vidaregåande. Nå er det slik at dei må ta spesialisering etterpå på 2-3år. I tillegg kan dei ta allmenne fag og 3-5 år på universitetet. Så langt eg kunne sjå var alle lærarane på skulen yngre enn meg, og gjerne heilt i byrjinga av 20 åra, så denne omlegginga er veldig ny
Skulesystemet er bygd opp med 6 år på barneskulen, der dei byrjar når dei er 6 år. Etterpå har dei seks år på noko dei kallar colegio. Colegio er meir eller mindre det same som ungdomskule og vidaregåande i Noreg. Dei tre første åra er som ungdomsskulen i Noreg felles. Etterpå vel dei bachillerato (allmenne fag) og yrkesfag.
Skuleåret er delt i 4 x10 veker med eksamen på slutte av kvar 10 vekers og det gis karakterar på alt frå teikningar til sosiale eigenskapar og liknande. Karakterar vert brukt allereie frå 1. dag på skulen.
Undervisninga skal følgje ein sentralt gitt brøk, der 40 % av undervisninga skal gis felles, 30% gjennom lekser og 30% gjennom prøver og karaktergjevande skulearbeid. Alt skulearbeidet skal til slutt summere seg opp til ein sum på 100 i kvar 10 vekers blokk. Ved årsslutt må snittet være over 70 for å få lov til å forsetta til neste trinn. Dette og økonomisk årsaker gjer at det 6 årige løpet tar atskillig lengre tid enn 6 år, opp mot 9,4 år i snitt for dei om lag 50 % som fullfører.
Det er enda i overkant av 10 % som ikkje har tilbud om skulegang i Honduras på tross av at dette er lovfesta, og undervisningstilbudet er ofte i veldig dårlig forfatning.
Hadde ein god opplevelse første dag på skulen, og gleder meg til å bli betre kjent og lære elevene og dei andre lærarane betre og kjenna. Eg er i alle fall ynskja og håper eg kan bidra best mogleg framover.
Sitter nokon igjen med spørsmål etter dette blogginnlegget så berre ta kontakt, så skal eg svare så godt eg kan.
-Øyvind-